Havrett i sentrum

Havrett i sentrum

03.07.2014

Den årlege internasjonale konferansen i havrett til Center for Oceans Law and Policy (COLP) ved University of Virginia, blir arrangert i Bergen 25.–28. juni i samarbeid Det juridiske fakultet. COLP er eit av dei fremste havrettsmiljøa i verda. Konferansen er den 39. i rekka og tar opp eit nytt tema kvar gong.


Arktis i fokus

Temaet i år er utfordringane med eit Arktis i endring, med fokus på kontinentalsokkelen, skipsfart og fiske. Klimaendringar i Arktis reduserer isdekket og vil etter kvart opne for olje- og mineralutvinning og for skipsfart til og frå Asia.
 
– Nye vandringsmønster for makrell er eit døme på korleis klima- og temperaturendring kan skape utfordringar for fiskerett og ressursforvaltning i arktiske farvatn. Konferansen vil gje viktige tilskot til kunnskapen om området og dei rettslege reglane som regulerer Arktis og havområda nær Noreg. Fokuset er utfordringane i regulering av utnytting og forvalting av eit av dei viktigaste og mest sårbare områda i verda, der verknadane av klimaendringar og forureining har vist seg mest, fortel professor Ernst Nordtveit ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Konferansen er retta mot juristar som arbeider med spørsmål innan havrett og generell marin rett, men den kan òg vere interessant for samfunnsvitarar og naturvitarar som er opptekne av tema om styring av havområda. Fleire av deltakarane på konferansen er blant av dei fremste ekspertane i verda på havrett og polare rettsspørsmål.

 

LES MER